Fagkokk

    Fagkokk

  • september 21, 2025

Er du ein engasjert og dyktig kokk som ønskjer å jobbe i eit variert og fagleg sterkt miljø?

Kjøkken og kantine i Ålesund har ledig to vikariat i 100 % stilling med arbeid kvar tredje helg! Vikariata har varigheit på 6 mnd med gode muligheiter for vidare arbeid.

Seksjonen har 25 tilsette, der 14 av desse har fagbrev som kokk. Vi legg stor vekt på fagleg kvalitet og brukar hovudsakleg kok-server som produksjonsmetode, der dei fleste produkta blir laga fra grunnen av. Vi tilbyr ein variert kvardag med ulike menyar, catering og rotasjon i arbeidsoppgåver. Produksjonen føregår 365 dagar i året.

Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.

 

  • Produksjon av varm- og kaldmat, catering, diettrettar, baking og dessertar
  • Produksjon av spesialdiettar etter ernæringsbehov
  • Kok-server og sous-vide-produksjon
  • Rullering mellom oppvask, matvertfunksjon, kantinedrift og varehandtering
  • Generelt reinhald og oppfølging av hygienekrav
  • Varemottak og vareplukking
  • Bruk av IKT-verktøy og kvalitetssystem

 

  • Fagbrev som kokk
  • Erfaring med spesialdiettar
  • Erfaring med kok-server og sous-vide-produksjon
  • Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg

 

  • Fleksibel og løysingsorientert
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og i team
  • Bidreg til eit godt fysisk og psykisk arbeidsmiljø
  • Strukturert og kvalitetsbevisst

 

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

 Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyar og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir her!

 

Hilde Karin Lehmann Valde, Seksjonsleiar, hilde.karin.lehmann.valde@helse-mr.no

 

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal 

Kontaktinformasjon