Me har ledig 100% vikariat som fagkokk ved Produksjonskjøkkenet på Årdal sjukeheim.
Vikariatet er frå 01.02.2026 til 31.01.2027.
Ved Produksjonskjøkkenet er me til saman 6 tilsette som har stort fokus på kvalitet og service.
Me lagar fullverdige, gode måltid til alle pasientar på sjukeheimane, ÅBO og måltid som vert kjørt heim til dei som treng det. Det vert laga mat til ca 140 stk per dag. Me tykkjer det er viktig at maten både smakar godt, men også ser god ut. Me brukar gode råvarer og gjer ofte det lille ekstra for at maten kan freista litt meir.
Her på kjøkkenet er me ein fin gjeng med godt humør som likar å le og ha det kjekt saman på arbeid.
Kvalifikasjonskrav:
Me søkjer etter kokk med fagbrev.
Dersom det ikkje kjem kvalifiserte søkjarar, kan andre bli vurdert for stillinga.
Me tilbyr
Link til søknadsskjema: Søk her